Velkomen

Matglede frå Bakkebø gard vert drive av Lise Brandal og Jostein Bakkebø. Produksjonslokala er i det ombygde grisehuset på garden. Det inneheld lokale for ysteri, kjøtforedling, og bakst og gardsutsal. Garden har vore i slekta i over 400 år. Her har vi kyr og kalvar av rasen Jersey. Dei produserer råstoffet til produkta våre. I tillegg har vi litt frukt og bær som vi lagar saft og syltetøy av.

Vi nyttar tradisjonelle handverksmetodar utan noko form for tilsetningsstoff til produkta våre. Der det er mogeleg nyttar vi oss av lokale råvareleverandørar.

Gardsutsalet vårt er ope kvar laurdag kl. 10.00 – 16.00.

I perioda frå 15 november til 23. desember held vi ope kvar dag mellom kl. 12.00 – 18.00.

Vi held til på Bakkebø, Straumsnes i Fjaler.

Adressa er Åsnesvegen 114.